Årsmelding for Marnardal Historielag 2015.
Ved utgangen av året hadde laget 188 medlemmer, inkludert husstandmedlemmer og æresmedlemmer.
Styret har vore:
Leiar: Astri Skuland
Nestleiar: Arvid Svindland
Kasserar: Svein Arild Strædet
Styremedlem: Kari Glomså
Styremedlem: Kjell Høgetveit
Styremedlem: Gunnar Skaar
Styremedlem: Knut Homme
Leiar i turkomite: Arvid Svindland
Årsmøte
Årsmøte vart halde 24.mars 2015 på Laudal skole. Det var omlag 70 frammøtte.
Etter årsmøtesakene var det ulike orienteringar:
- Leiar i redaksjonskomiteen for Marnar-minner, Stig Skjævesland, orienterte om neste utgåve av Marnar-minner som skulle handle om bil og transport. Han oppmoda folk frå lokalmiljøet om å kome med innspel.
- Museumsrådgjevar Stein Midling-Jenssen orienterte om arbeidet med Kommunedelplan for Kulturminner 2016-2028. Han ønska samarbeid med historielaget ved utforming av kulturminneplanen og inviterte laget til å delta med lokalkunnskap og innspel.
- Paul Sveinall fortalte om arbeidet med å spele inn to CD-plater med tradisjonsmusikk frå Laudalsområdet.
Derettter var det diverse innslag. Forfattaren Gaute Heivoll fortalde om forfattarskapet og bøkene sine. Han delte tankar, idear og bakgrunn for bøkene, og på ein fengslande måte førte han oss inn i handling og personar som vi blir kjent med i bøkene hans. Ei god litterær oppleving for alle som var der! Stor stas å ha ein så stor og berømt forfattar frå vårt nærområde.
Styret har hatt 5 møter. I tillegg har styret hatt 2 møter med museumsrådgjevaren i samband med utarbeiding av framlegg til kulturminneplan. Andre saker som styret har arbeidd med:
- Kyrkja har i gang eit prosjekt som går ut på å verne gravminner på kyrkjegardane og utarbeide retningsliner og liste over kva som skal vernast. Fellesrådet ber historielaget om hjelp til denne prioriteringa. Gunnar Skaar og John Lauvdal har møtt for historielaget i prosjektgruppa.
- Marnardal formannskap nedsette ein navnekomite for å utarbeide adresser for Marnardal. Historielaget fekk høve til å peike ut to av medlemmene. Dei som har vore med er John Lauvdal og Odd Rolf Roland.
- Etter innspel frå John Lauvdal om betre merking av kulturminner i kommunen vart det sett ned ein komite for å arbeide med denne saka. Med seg har han Svein Arild Strædet og Finn Skuland.
Elles har mykje av arbeidet i styret handla om å gjennomføre dei arrangementa som laget vedtok gjennom årsplanen på årsmøte i fjor. Det er 5 faste arrangement – stort sett etter same mal i den 20-årige historia til Marnardal Historielag.
Kulturkvelden
Kulturkvelden på Høgtun 15.april er den største samlinga i løpet av året. Dette er eit felles arrangement mellom historielaget og Marnardal kommune, som deler ut kommunens kulturpris. Over 100 personar hadde funne vegen til Høgtun denne kvelden, og alle stolar og benker var i bruk. Av innslag kan nemnast; dikt ved Haldis Hove, musikkinnslag ved tre elevar frå kulturskolen og sang ved Vestergabet fra Kristiansand. Lindesnes skreiv i reportasjen: ”Jon Klevelands Vestergabet er et mannskor med kvalitet langt ut over det en kan vente av glade amatører.” Det var eit innslag som forsamlinga viste at dei sette stor pris på. Det same gjeld kåseriet til Odd R. Jørgensen der han fortalde morosamt og levande om ulike hendingar i lokalmiljøet frå sin oppvekst i Marnardal.
Varaordførar Birte Usland Steinberg overrekte Marnardal kommunes kulturpris til Jørgen Sæbø. Grunngjevinga for prisen var hans 30-årige innsats for barn og unge i kommunen som speiderleiar. Prisen er eit relieff av Sigurd Nome.
LOS-turen
Søndag 7.juni var dagen for den årlege LOS-turen. Turen gjekk frå Høye til Finsdal som ein rundtur med innkomst ved utgangspunktet. 45 personar var med på turen. Stor takk til Birger Usland som leia oss gjennom ein interessant og fin dag på Høye-Finsdalsheia. Og ikkje minst takk til Birger og dei andre grunneigarane som hadde gjort eit stort arbeid med å rydde stiane slik at vi fekk sjå plassane og kome greit fram.
Hausttur
Haustturen gjekk i år til vår nabokommune Audnedal. Vi møttest på rivefabrikken på Spilling. Olav Spilling, soneson til grundaren, og andre omvisarar synte oss eit svært interessant kulturminne - produksjon av høyriver. Det var meir enn imponerande å sjå sinnrike maskinar som var konstruert og utvikla på staden, og som framleis kunne produsere river.
Etter å ha vore innom den gamle skifabrikken på Tjomsland samlast vi på Barnevandringssenteret på Konsmo. Thyra Ågedal viste rundt i bygningane. Ho fortalde levande og engasjert om barnevandrarane si skjebne og tida som var slik at dette var ein utveg for å overleve. Vi var også innom ein hellar som var ein viktig samlingsstad for barnevandrarane.
Til slutt fekk vi servert spekemat hos Simon Valand og fekk smake på vassgraut og barkebrød som var kjent kost i barnevandringstida.
Haustmøte
Mange hadde funne vegen til Laudal skole 18. november. Salen vart fylt til siste plass og eit langt og variert program venta møtelyden. Først ute var Odd Arild Nordli. Han har skrive bok om oppveksten sin på Øyslebø – ei bok som samstundes er ei slektssoge. Her var gode tips og idear til andre om å gjere det same.
Neste sekvens kom som ei overrasking på Elisabeth Haaland og Svein Arild Strædet. Begge vart utnemnd til æresmedlemmer i Marnardal Historielag frå 2015.
Elisabeth har gjort eit stort dugnadsarbeid for historielaget og for lokal kulturhistorie generelt. Ho er nøyaktig og uthaldane og gjev seg ikkje før ho har funne ut av flokene og har løyst mange slektsspørsmål. Elisabeth kom inn i fotoprosjektet etter at Ånund Haugland var gått bort, og gjorde ein stor jobb med å fullføre innsamlingsarbeidet i Bjelland. Dessutan har ho vore medlem i redaksjonskomiteen for Marnar-minner sidan 2005-heftet.
Svein Arild kom inn i styret i år 2000 og har sidan vore ein krumtapp i laget. Same år starta han så smått opp innsamling av foto, eit tiltak som blei meir og meir formalisert og enda opp som eit stort og langvarig prosjekt av høg verdi. Han har ikkje bare gjort ein kjempeinnsats med fotoprosjektet, men også vore kasserar sidan 2003. Ved dei ulike samlingane er han vanlegvis den første som kjem og den siste som går!
Stor takk til Elisabeth og Svein Arild!
Som vanleg i samband med matpause var det framvising av museumsgjenstandar. Denne gongen var det Elisabeth Haaland som viste spesielle ting frå Sveindal Museum.
Ein trufast komite sørga for kaffe , kringle og velsmakande smørbrød. Sidan laget har 20-årsjubileum i år vart det servert ei kjempeblautkake for å markere det runde år.
Eit anna innslag om jubileet var vising av ein fotoserie med glimt frå samlingar og andre hendingar som Svein Arild hadde sett saman. Serien viste stor aktivitet gjennom 20 år!
Paul Sveinall har stått for innspeling og utgjeving av ei CD-plate med folkemusikk frå Laudalsområdet. Han hadde med seg Renate Ariansen Heggland, Tor Arve Monan og Per Fredriksen som er med på opptaka. Dei song fleire songar til stor glede for møtelyden.
Siste innslag var framlegging av Marnar-minner 2015. Stig Skjævesland er leiar i redaksjonskomiteen. Han har med seg Elisabeth Haaland og John Hjemlestad. Stig fortalde om gjennomføringa og tankane bak boka som i år har Bil og samferdsel - bilhistoria i Marnardal - som hovedtema.
Styret vil takke Redaksjonskomiteen og andre bidragsytarar for innsatsen med boka. For heile kommunen er det av største verdi med denne kultursoga som stadig blir utvida med meir kunnkap og nye bidrag skriven i takt med tida. Kultursoga inneheld til nå 20 bøker med interessant lokalstoff!
For styret
Astri Skuland